Stadig fleire babyar med foreldre og.

Etter at det ei tid etter pandemien har vore mindre oppmøte på Kafè Tiaren, har det siste vekene vore ein gledeleg auke. Ekstra kjekt er det at stadig fleire mødrer kjem med babyane sine. Den indre delen av lokalet er no blitt ein viktig og koseleg møtestad for både babyane og foreldra. Ein flott plass å bli kjend med andre småbarnsforeldre. I dag var det 7 babyforeldre som møtte. Det var Tone Lyngnes med sonen Terje som kom frå Omvikdalen, Maren Huse Bjørnebøle med sonen Håkon, Ingvill Fjellandsbø med dottera Johanna, Lina Marie Haugland med sonen Eilev, Alina Jacobsen med dottera Leona og Natalie Iversen med dottera Ulrikke (bildet over). I tillegg var også Elisabeth Rosland innom som ein del av det gode selskapet, men ho hadde ikkje med seg dottera Marta, for ho er blitt så stor at ho er begynt i barnehagen.

Etter at gruppa hadde hatt ei kjekk stund i Gamleskulen, gjekk fleire av dei ut på trilletur i lag. Eit supert tiltak! Kanskje blir det endå fleire neste gong, og kanskje dukkar det endå til ein far opp?
Det var også som vanleg ein god gjeng eldre som hadde seg ein trimmetur i lag før dei kom i kafèen.

Gledeleg mange besøkte Tiaren i dag, og då dette bildet blei tatt hadde nokre gått.

Også av andre gjester var det godt frammøte, truleg det beste som har vore på lange tider når vi ser vekk frå allsong-tirsdagane. Som vanleg blei det servert både rundstykke og kaker til kaffien, og dei som var der fekk ei god drøsestund. Denne tirsdagen var det Aslaug Lyse, Konstanse Tveit og Gunnlaug Eik som styrte på kjøkkenet.

Det er kjekt å registrera at Kafè Tiaren er på veg mot gamle høgder!

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Kristian O. Bringedal/Thor Inge Døssland