Omfattande arbeid i Eikevegen går på fram - den nederste delen er grusa.
Eikevegen har vore stengt for trafikk dei siste vekene. Eit omfattande arbeid går på fram. Dagleg leiar i Uskedal Vassverk, Hans Reidar Kjærland, fortel at vassledningen på den nederste delen er på plass. Kvinnherad kommunen har utført arbeid med drenering og kummar. Denne delen av vegen er grusa og kan mellombels brukast av dei som bur i område. Dei som bur i den øvre delen, må framleis bruka omkøyring via Padlaporsen. Det står att arbeid med framføring av ny vassledning opp til avkøyrsla og vidare fram til vassverket sitt anlegg på Sørestølen. Det går enno ei tid før det vert planering, oppusssing og asfaltering. Massane må siga og setja seg før det er snakk om ny asfalt. Redaksjonen gjer merksam på at bileta er tekne før grusinga fredag morgon. Entreprenør er HERDE ( K. Hjelmeland ).
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal