Uskedal Helselag og Rustne Menn på Rosendalstunet tysdag 11. oktober kl. 16.30.
Tysdag i denne veka er den store uskedalsdagen på Rosendalstunet. Rustne Menn legg inn innslag på Syng med oss to gonger i året. Uskedal helselag har Rosendasltunet på sitt program tre gonger i året. Denne gongen vert det klaff då begge aktørane er der samstundes. Eli Roseth Eik fortel til uskedalen.no at helslaget har med kaffimat, lagar kaffi, dekkar bord og serverer. Medlemene ryddar etterpå og stimar koppar og kar. Mjølkekakene til Selma Eik og Astrid Haugse er svært populære. Rustne Menn spelar og syng i to avdelingar, før og etter matpausen med innlagd loddsal. Syng med oss på Rosendalstunet er ope for alle. Velkomne.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Arkivfoto