Innsamlinga til THK stifelesen held fram. Laurdag var ein ny stor innsamlingsdag i Uskedalen. Roald Haustveit frå Grimo er skysskar. Han hentar sekker i heile Hardagner og leverer anten til Uskedalen eller til hovudlageret på Karmøy. I går kom han med ein fullasta varebil og varehengar med sekker frå Lepsøy i Os. Det var frå ei kvinne som la ut på Facebook at ho privat tok mot varer for hjelpesending til Ukraina. Responsen var overveldande og i går kom vareleveringa til Uskedalen. Les meir om Roald Haustveit, 71 år, som legg ned eit stort frivillig hjelpearbeid for Ukraina. Bilete syner Roald Haustveit etter at bilen og hengaren er lossa.

Roald Haustveit er musikarar på fritida. I eit fullpakka lager i Uskedalen framførte han folkemelodiar på blokkføyte.

Roald med maritim utdanning og har før vore sjømann. No er han pensjonist og aktiv musikarar i ulike grupper, mellom anna Trio de Grimo der han er perkusjonist. Han er sosial og kjem kjapt i kontakt med folk. Så spurte han seg sjølv: Kva kan eg gjera for å hjelpa dei som har det vanskeleg i det krigsherja landet Ukraina. Som sjåfør med førarkort klasse to var svaret klart – henting, bringing og transport.

Han har vore med hjelpesending til Ukraina før, også saman med Tormod Myklebust. Ny tur går om knappe to veker. Då er det opplasting i Uskedalen før turen går med Fjordline si ferje frå Stavanger til Hirtshals. Før det skal det hentast rammemadrasser på Husnes og varer frå hjelpemiddelsentralen i Kvinnherad. Hjelpesendiga skal til Korosten. Det er usikkert om det vert tur heilt fram eller om det vert omlasting på grensa.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal