Siste dagane med redusert pris på Uskedalsboka om "Den nære fortida".
Perioden med førehandsalg til redusert pris av den lokalhistoriske Uskedalsboka “Den nære fortida 2022” nærmar seg slutten. Fram til mandag er prisen 250 kroner, men frå tirsdag av blir det ordinær pris med 300 kroner. Interessa for boka er gledeleg stor, og vi er sjølvsagt svært glade for den svært gode responsen, melder skriftstyret.
Også framover kan ein kjøpa boka ved å vippsa til 76 38 03 (Uskedal Historielag) eller betala til konto 3207.37.52026. Frå tirsdag er altså prisen pr. bok 300,- kroner. Viss de ønskjer boka tilsendt, kostar det 90,- kr uavhengig av antal bøker.
Arbeidet med boka er føre skjema, og det er no berre trykkinga som gjenstår. Foreløpig er boksleppdatoen sett til lørdag 5.november, og alt tyder på at den skal gå etter planen.
På facebook-sida til Uskedal Historielag med 478 medlemmer blir det lagt ut jamnlege oppdateringar. I tillegg blir det sendt ut info her på Uskedalsida og i lokalavisene. Boka kjem i mjuk innbinding. Den er 27 cm høg og 24 cm brei. Den blir på vel 130 sider og er godt illustrert.
Salikat Design ved Åslaug Snilstveit har gjort ein flott jobb i den grafiske utforminga og det er Renessanse Media som står for trykkinga.
Tekst, foto og nett: Thor inge Døssland