Kjekt med baby-besøk på Tiaren.
Sist tirsdag skreiv uskedalen.no om at det hadde vore kjekt om det kom i gong småbarnstreff på Kafè Tiaren igjen. Babytreff i bygda var også etterlyst på facebook. Då var det ekstra kjekt å sjå at tre flotte babyar og mødrene deira møttest på kafèen i dag. Det var Ann Merete Åsheim Nilsen med dottera Ingeborg Synnøve, Nathalie Iversen med dottera Ulrikke og Maren Huse Bjørnebøle med sonen Håkon. Dei to førstnemnde er tilflyttarar til bygda, medan Maren er oppvaksen her. Ann Merete kunne fortelja at ho hadde gått på treff på Tiaren for 5-6 år sidan. Ho var svært glad for at det kom i gang igjen når ho no nyleg er blitt mor på nytt. Det såg ut som dei tre fort fann tonen og hadde ei flott stund i kafèen med gulla sine. Dei heldt til i inste delen av lokalet, og fleire av dei andre gjestene hadde glede av å ta ein tur innom for å sjå dei fine babyane og slå av ein kort prat.
Maren Huse Bjørnebøle som blei mor for første gang no i haust, fortalde at det var veldig kjekt treffa andre småbarnsmødre. Ho syntes også at det var ein veldig fin måte å bli kjent med nye folk på. Ho hadde ikkje hatt noko kontakt med dei to andre før.
Dagen i dag var ein særs god start! Komande tirsdagar vil det forhåpentlegvis dukka opp fleire blide og små ansikt i kafèen.
Elles var det bra besøk både av stamgjester og nokre som ikkje er innom kvar gong på Kafè Tiaren. Som vanleg blei det selt gode kaker og rundstykke til kaffien. I tillegg kunne dei i dag by på Kjellaug Hella Myklebust sine nydelege haringekaker.
På bildet over ser vi Ingeborg Synnøve på mor sitt gode fang medan Ulrikke og Håkon akkurat då sov godt i kvar si vogn.
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland.