Gøy for alle aldersgrupper!

I fjor arrangerte Uskedal Skulemusikk for første gong musikkrebus. Det var ei kjempekjekk nyskaping. På førstkommande onsdag, 5.oktober, kl.17.15 gjentar dei suksessen. Musikkrebusen er noko alle kan delta på, og det er gøy!! Deltakarane skal gå ei kort løype. På ulike postar er ein eller nokre få musikarar plassert. Dei spelar nokre få tonar av kjende songar, og så skal deltakarane gissa på kva song det er. Det kan vera både lett og litt vanskeleg. Deltakarane (publikum) må møta opp innan kl.17.15 utanfor Aktivitetshuset, og då vil dei få utdelt svarskjema. Skjema skal leverast inn etter siste post. Over ser vi Erle Marie og Anna under fjorårets musikkrebus.

Kva spelar Anders her, tru?
Og kva song spelar Nora, Ann Cecilie og Ebba?

Etter rundturen i løypa samlast alle inne i hallen. Der blir det kaffi, saft, kaker og god drøs rundt småborda. I tillegg blir spenninga utløyst. No spelar musikarane heile songane, og vi får både fasit og konsert. Vinnarane i musikkrebus 2022 blir kåra.

Skulemusikkstyret oppfordrar alle til å ta med seg far, mor, bestemor, kjærasten, borna og naboen, – kort sagt alle. Dette passar for alle frå 0 til 100 år, og på toppen er moroa gratis!

Dermed er det berre å møta opp så blir det ein særs hyggeleg ettermiddag!!

Her er Mileah og Margrete på post.
Tekst, arkivfoto (frå i fjor) og nett: Thor Inge Døssland