Laurdag 8.oktober blir det ny nasjonal vardetenning. I Kvinnherad vil arrangementet i år gå føre seg på Frøysteingarden på Husnes. For eit år sidan var vardebrenninga i Uskedalen. Trond og Kristine har stilt tunet sitt til disposisjon. Kristine vil også ynskja velkommen til gards. Der er det god plass, også innomhus om det vert regn. Det var på det 13.hundretalet at me starta med vardetenning i Norge. Det var for å varsla om krig og ufred i landet. Motvind Norge har teke opp att denne tradisjonen og arrangerer for 4.de gong Nasjonal vardetenning over heile landet. Dette for å markera den sterke motstanden mot vindindustrien på land.

Tre sentrale kvinner i den lokale mottstanden mot vindturbinar i kvinnherasfjella. F.v: Annemor Ekeland, Kristine Frøystein Reime og Astrid Døssland.


Aksjonsgruppa til «Nei til vindkraft i Kvinnherad» har laga eit godt – og viktig program som høver for heile familien. Kvelden startar med tamburmajor Tormod Kayser som slår arrangementet i gang. Tormod er ein av få som spelar på slike trommer her i kommunen. Sjølvaste Terje Kollbotn skal halda hovudinnlegget. Det er all grunn til å tru at det vert eit høgt – og flammande innlegg mot vindkraftindustrien og høge straumprisar. Dei som ikkje har høyrt Terje «tala» før, må nytta høvet no.

Terje Kollbotn er medlem i herradstyret i Ullensvang, Vestland fylkesting og 1.vara til Stortinget for Rødt. Vår eigen stuntpoet, Arne Torget, vil koma med ein eller fleire av sine «vers» mot NVE – og dei som styrer med straumen vår. Dette burde Ketil Lund, sjefen på NVE ha fått med seg.


Gilde Håkon Røstbø vil framføra vår alle beste; «Husnessongen». Teksten i denne seier noko om kva me kjempar for, og kva me kan mista. Kanskje tek Håkon også eit par andre låtar som høver for anledningen. Overraskinga i år er at det vil koma ein flokk med huldrer ned frå Mjelkehaug med faklar
– å tenna varden etter musikk. Me trur det blir tøft. Oddbjørn Kloster styrer lyden. Det seier sitt.


Me kjem til å markera innkøyringa til Frøysteinsgården med flagg og banner. (rett ovanfor Hellandsbrua). Det er råd å parkera på «Vassverket» til kommunen – og på eigen parkeringsplass oppe på eigendomen. Me vil ha vakter som viser plass – eller ta gjerne turen på eigne bein.


Arrangementet vil vara om lag 1.time.
VELKOMMEN TIL VARDETENNING PÅ FRØYSTEINSGÅRDEN.

Tekst: Presseskriv Nett: Kristian Bringedal Foto: Arkivfoto – Hans Ordin Østebø/ Thor Inge Døssland