Storveis konfirmantjubileum med fjøsbesøk, skulemuseum, kafè og drøs.
Lørdag ettermiddag møttest rundt 60 konfirmantjubilantar på parkerinsplassen ved Grano. Kjekke og minnerike timar venta dei. Programleiar frå arrangøren Uskedal sokneråd, Kristian Bringedal, tok mot dei og starta med ei kort innføring om busetnaden i sentrum før dei tok plass i bussen og var klare for bygdevandring. Jubilantane kunne sjå tilbake på frå 50 til 82 år sidan dei var konfirmerte. På bildet over ser vi eldste deltakar Margit Lindeflaten (f. Skorpen i 1926) saman med Kristian Bringedal. Ho voks opp på Skorpo og er busett på Stord, og den spreke dama stilte saman med dotter si Inger Marie Lothe. Ho hadde også med seg konfirmasjonsbilde frå då ho stod konfirmant i 1940.
Frå Grano gjekk bussturen først inn til toppen av byggefeltet inst i Ospelunden der Kristian fortalde om nybygginga i dette feltet, før ferda gjekk opp dalen på Kjerlandssio med korte stopp og informasjonsdrypp fra programleiaren. Første besøk var på Haugland der jubilantane fekk sjå det store og moderne fjøset til Lars og Svanhill Haugland. Denne nyskapinga i programmet var særs vellukka. Lars fortalde om bygginga og drifta av fjøset med plass til 49 mjølkekyr. Talet er ikkje fullt så høgt enno, men det blir likevel produsert rundt 1000 liter mjølk dagleg. Dei fekk også demonstrert korleis den automatiske tilføringa av silofor føregjekk. Aldri har vel så mange fornøgde og velkledde folk vore i eit fjøs i Kvinnherad før. Svært rosande var dei om informasjonen frå Lars som dei høyrde godt og var akkurat passe lang.
Ferda gjekk vidare til Skulemuseet og Vonheim. På grunn av høge deltakartalet måtte gruppa delast. Eine gruppa fekk oppleva ein kortversjon av Kristian Bringedal si gode dramatisering av ein skuledag i gammal tid. Dei fekk også ein gjennomgang av dei som var lærarar ved skulen. Her var den eldste gjenlevande eleven frå skulen, 94-årige Trygve Haugland, hyra inn med informasjon. Elles blei økta både opna og avslutta med song. Og det runga!! Den andre gruppa fekk informasjon av Pål Haugland og Audun Eik om dugnadsarbeidet som dugnadsgruppa hadde gjort både på Skulemusèet, trappa på Vonheim og andre prosjekt i tillegg til omvisning i Vonheim. Midtveis bytte gruppene.
Siste stopp var Gamleskulen der det var fullsett rundt borda når soknerådet selde kaffi og kaker til Kafè Tiaren-prisar. Drøsen gjekk særs godt og det var mykje god mimring rundt borda der dei stort sett sat kullvis. Bilde av konfirmantkulla blei vist på storskjerm, og det var litt informasjon om Uskedal Historielag og bokserien dei arbeider med.
Det var særs mykje vellæta frå jubilantane etter økta, og dei kunne då sjå fram til dagens festøkt med gudsteneste og middag på Perla. Mange rosa tiltaket då dei gjekk ut døra.
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland