Saknar nokon denne nydelege pusekatten?
Svaret på spørsmålet håpar eg sjølvsagt er JA! Pusen er i sin beste ungdom. Den er ein særs veloppdratt og reinsleg ungpus som er veldig koseleg og fin. Den dukka opp like ovanfor Veslebru (brua over Tverrelva) på Kjerlandsio i helga. Den fulgte etter folk, og denne veka har han fått losji og godt stell hos Astrid og Pål Haugland. Der blir den tatt godt varte på, men dei håpar no at eigarane ser dette og tar kontakt, Astrid har mobil 958 20 080.
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland