Idrettsmerketakinga begynner på tirsdag.
Primus motor for idrettsmerketakinga i Uskedal idrettslag, Kjersti Bråtun, melder at dei startar med idrettsmerketaking på Heio tirsdag 6.september. Det er også planlagt idrettsmerketaking tirsdagen etter, den 13.september. Begge dagar er det kl.18.
Dersom det ikkje høver desse to dagane, kan Kjersti kontaktast på mobil 415 67 095 så vil det ordna seg, og det kan avtalast tid.
Det pleier å vera ein kjerne som tar merket kvart år, og Kjersti håpar også at det dukkar opp nye ansikt.
Krava i dei ulike øvingane er godt tilpassa alder.
Tekst, skjermdump og nett: Thor Inge Døssland