I Uskedalen finn vi ein fartsdempande hump og det er truleg den verste i sitt slag i Kvinnherad. Det er mest ikkje råd å koma over utan å dempa farten heilt ned, men sjølv då er det fare for både køyretyet og personleg helse. Dette kjem fram i fleire innlegg den siste tida. Bussjåførar og andre yrkessjåførar står fram med klare synspunkt på vegstandarden i Kvinnherad. Det er djupe hjulspor, asfalten er dårleg og av alt dette finn vi den berykta fartshumpen i Uskedalen. Uskedalen.no har skrive om dette før. Difor brukar vi eit arkivfoto frå 2020 på topp. Å passera denne fartshumpen er faktisk verre enn då bilete vart teke.


Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal