Mange har merka seg det gule graset i skråningen mellom kyrkjegardsgjerde og Uskedal Båtlag sin eigedom. Sist uskedalen.no skreiv om dette, var overskrifta Halvgjort arbeid. Kyrkjeverje Torstein Aarthun stadfestar overfor uskedalen.no at ansvaret for å slå graset og halda det fint ligg til kyrkja. Med bakgrunn i sjukemeldingar og stort arbeidspress denne sommaren, makta ikkje vedlikehaldsgruppa å nå over all plenslått. Planen er at dette arealet skal gjerast klar for å bli ei blomstereng, noko ein har god erfaring med frå andre tilsvarande skråningar kring kyrkjene i Kvinnherad. Det gule graset skal uansett slåast og fjernast med det fyrste.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal