Puslespel med motiv frå Uskedalen.
Stian Solheim vil laga puslespel med motiv av Uskedalen. Fotografen er Daniel Morso. Det skal i fyrste omgang lagast 50 stk. og puslespelet skal vera klar i god tid før jul. Stian Solheim er 36 år og bur i Førde i Sunnfjord. Solheim fortel til uskedalen.no at han treng nokre førehandstingingar for å vera sikker før produksjonsstart. Det er ikkje betaling før etter levering. Namnet på fotografen, som kjem fram på bilete, vert sjølvsagt teke bort på den endelege versjonen. Prisen på puslespelet blir kr. 490,-. Solheim har laga puslespel før. Han vil hjelpa til med innramming for dei som ynskjer å ha det på veggen. Puslespelet er på 1000 bitar og storleiken er 70x50cm ferdiglaga. Motivet vert skarpare i endeleg utgåve. Det er alt registrert stor interesse på Facebook for førehandstinging. E-post: stian@hobbyspesialisten.no
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Privat