Vi har drive Småbornstreff i Uskedalen Bedehus frå Januar 2005 til mars 2020. Mange born og foreldre/besteforeldre frå Valen – Enes har vore innom annakvar onsdag frå kl 10-11.30. På bilde under ser du ein fin «bukett» på ei samling i bedehuset våren 2016. Så kom Koronaen og då vart det STOPP. Vi prøvde utesamling i gapahuken ved Fjellandsbøvatnet og i
Rosendal bedehus. Men det kom få og pandemien dukka oppatt fleire gonger. No prøver vi å starta oppatt i VONHEIM, Musland og Haugland Grenda-hus. Der får vi bruka skuleplassen på Haugland skulemuseum, ein fin boltreplass for born frå 0 – 6 år. Her kan du klatra i store tre, gå på stylter, kasta med ball på boksar, hoppa frå stein til stein og mykje meir. Å læra seg gamle leikar, korleis borna leika i gamledagar. Derfor treng vi foreldre, besteforeldre, oldeforeldre, gamletante eller slike som meg som har barnebarn langt borte og DU som er glad i born og ikkje har nokon i familien. Ta gjerne borna fri frå barnehagen og ha kvalitetstid med barnet anna kvar onsdag frå kl 10.30 –12.

Ei fin samling frå tidlegare småbarnstreff.


Vi samlast i Vonheim 7. september kl 10.30 der vi har samling oppe i huset, med leik først. Vi har matter på golvet og masse duplo- og magnetklossar. Då kan vi prata og leika oss saman. Etterpå tek vi fram fiskekassa, der alle borna får fiska seg kvar sin fisk. På fiskane står det songar som: Sjå eg kan hoppa, Om eg er liten eller stor, Petter slår meg ein hammar, Eg er trygg og mange fleire songar. På ein fisk står det Bibelforteljing og det er eg eller vi får nokon på besøk som fortel ei kort bibelforteljing. Så får de kaffi, te og saft/vatn/juice, men niste må de ha med sjølve. Finn fram eit «skrin» (nisteboks) og ha ei skive eller to i, så kan vi eta formiddagsmat saman. Etterpå er det på med klede og ut på skuleplassen å leika.

Område kring Haugland skulemuseum er som skapt for leik og aktivitetar.


Høyrast ikkje dette kjekt ut? Meininga var at vi ville ha babysong samtidig, men eg er åleine leiar att, så det går ikkje i starten. Men de med babyar er også velkomne. Babyane kan ligge på tjukke madrassar og vera med oss i song og leik. Kanskje felles trilletur eller lenger samling inne hadde vore noko medan dei større borna leikar ute? Fellesskap på tvers av generasjonane er viktig.


Vi treng medhjelparar til kaffi og telaging, rydding, vasking, støtte i songen, hjelp til leiken ute. De kan få ei oppgåve kvar og då får borna fleire vaksenkontakter. Dersom du er glad i born og har lyst å vera med, så er du velkomen. Berre ring meg, Nelly; på telefon 95082320.


Småbarnstreffet står under IMF-ung, som er barnearbeidet til Indremisjonen. Velkomen til deg som er mellom 0 og 5/6 år saman med mor, far, besteforeldre, oldeforeldre eller fadder til barnet.


Velkomen frå alle bygdene i heile Kvinnherad. Stad: Vonheim oppe i Uskedalen. Tid og vekedag: Kl 10.30 – 12. Annankvar onsdag. Første gong 7. september.

Teskt/foto: Nelly Kjærland
Nett: Kristian Bringedal