Storreperasjon på trappa til Vonheim snart ferdig.
Trappa til forsamlingshuset Vonheim på Haugland var i svært dårleg forfatning. Sjølve betongen var noko oppsmuldra og rekkverket som skulle vera til støtte hong mest og slong. Den alltid hjelpande dugnadsgruppa tok jobben. Det har vore mykje arbeid, og etter oppstarten i vår har dei hatt utfordringar med både ver og ferie. No er dei snart i mål med arbeidet, og resultatet blir svært bra.
– Vi håpar at veret er såpass på lag at vi er ferdige til rundt 20.august då det skal vera ei tilstelning i huset, fortel drivkrafta i prosjektet Audun Eik.
I vår sytte Audun saman med to andre frå dugnadsgruppa, Jostein Grov og Leif Viken, for nytt feste for stolpane i rekkverket. Det krov både støyping, bolting og armering med hønsanetting. Knut Steinsletten orndna med nye røyrer som blei tilpassa til dei eksisterande stolpane.
I det siste har Audun Eik hatt seg nokre tidlege morgonøkter før han har gått heim for å eta føremiddagsmat med kona. Då har han skore til skiferheller som dekke. Tidkrejande og nøyaktig arbeid! Her har også Pål Haugland vore med og bidrege noko. Desse skal limast med fliselim til utebruk, og så blir det litt fuging. I framkant skal troppa pussast, og pussemørtel er også kjøpt inn. Alt blir gjort med den beste nøyaktighet. Desse karane kan sitt fag!!
– Eg håpar vi blir så heldige med veret at vi blir ferdige før denne tilstelninga uti august, seier Audun Eik, ei utruleg og travel eldsjel som bidrar i mange prosjekt til beste for bygda.
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland