Vedlotteriet blir trekt på tirsdag.

Under arrangementet på Stemneplassen, konsert med noko attåt, komande tirsdag vil andre runde i Uskedal friluftslag sitt vedlotteri bli trekt. Då vil tre heldige vinnarar bli betre rusta til å møta vinterkulden. Dei får 15, 10 og 5 sekker særs god ved som gevinstar.
Det er mogeleg å sikra seg lodd heilt fram til tirsdag ved å vippsa til 605565. Då blir lodd registrert i namnet til vippsaren eller namnet som vert skrive på melding som føl med. I dag blir det også salg av lodd ved SPAR Uskedalen frå kl.14 og nokre timar utover. Der kan kjøparane bruka kontantar i tillegg til vipps. Loddprisen er 100 kr pr. lodd. Også på arrangementet tirsdag kan ein kjøpa lodd med både vipps og kontantar. Det blir gratis inngangsbillett. For dei som ikkje treng ved, er det også mogeleg å gi ei gåve til friluftslaget.
Inntekta går til drifta av Stemneplassen som no framstår som finare enn på lenge!
Velkommen til å kjøpa varmande lodd til ei god sak.

Konsertarrangementet på tirsdag startar kl. 17 med aktivitetar for barn og oppvisning i figurskjering med motorsag ved Kjell Musland. Klokka 18 bles så veteranane i musikklaget i gang resten av programmet.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Arkivfoto: Kristian Bringedal