Mjødnasund er viktig for småbåttrafikken.
Mjødnasund er eit lite sund som skil Skorpo og Snilstveitøy eller meir nøyaktig sagt – Eidsvikøy. Namnetydinga er som for øya Mjømna i Gulen, kjem av lekamsdelen hofte. Mjødnasund har alltid vore viktig for småbåttrafikken. Fram til på 1970 talet var det mest berre mogeleg å gå gjennom på flo sjø. Det lokale fiskarlaget bad om utdjuping. Oskar Langballe fortel til uskedalen.no at Matre i Ølen, som driv Sandfrakt AS, tok på seg å mudra og dermed gjera sundet djupare. I dag har Mjødnasund ei djupne 1,5 – 2 meter på flo sjø. Breidda i sundet er rundt 3,5 meter. Hyttefolk og dei som driv nyttetrafikk sparer mykje på å gå gjenniom Mjødnasund, noko uskedalen no fekk sjå ved å vera på plassen i går kveld.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal