11 åring har samla inn 160.000 kr til barnekreftsaka på eit og eit halvt år.
Har samla inn over 10.000 på Spar Uskedalen siste halvåret.
Emil Ekornrød Sætre, frå Austrheim, men med mor, mormor og aner til Uskedalen, held fram den imponerande innsatsen sin for barnekreftsaka. Med den velkjende panteaksjonen sin har han til no samla inn utrulege 160.000 kr til den viktige saka. Til saman er dette ca. 65.000 panteflasker/boksar.
Frå februar har det vore postkasse på Spar Uskedalen der vi har kunna leggja pantelappane. Dette har resultert i flotte 10.131 kr. Emil og familien er svært takksame for denne gode støtta. “Vi er uendelig stolt av Uskedelingane våre som har vore med å støtta hjertesaka vår til forskning på medisin til kreftsjuke born med heile 10.000,- Tusen tusen takk for hjelpa! De har hjerter av GULL “ skriv dei i ei helsing som dei bed nettsida formildla til alle kundane på Spar som har støtta dei.
Den enorme innsatsen til Emil Ekornrød Sætre, med god støtte frå familien, har verkeleg blitt lagt merke til. Vi har tidlegare skrive om då han og mora var i Oslo på den internasjonale barnekreftdagen, og barnekreftforreninga utnemnde han til ambassadør.
Bildet øverst er henta frå Våre barn (barnekreftforreningen sitt blad) der det var ei stort oppslag over 5 sider med intervju av Emil og mora Mette. I juni fekk han ei ny stor oppleving. Sykkellaget Team Rynkeby er verdens største veldedighetsprosjekt på to hjul. Dei syklar til inntekt for barnekreftsaka. Akkurat no er dei på veg til Paris.
I juni la Team Rynkeby Vestland sykkelturen innom Austrheim for å besøka Emil og familien og hadde ei rast der. Dette var ei ny stor oppleving for 11-åringen. ” Eg er utruleg stolt av at Team Rynkeby ville komma på besøk til meg i dag,” sa Emil om dette til lokalavisa Strilen. I garasjen diska Mette opp med vafler, kake, chips, seigemenn, brus og kaffi for at syklistane skulle få blodsukkeret opp. Emil overrekte eit rødt perlehjarte til alle syklistane som dei skulle ha med seg på turen til Paris. Emil blir også med syklistane til Paris. På dei gule sykkeldraktene til laget står nemleg Emil sitt namn i eit hjarte. Han er maskoten til Team Rynkeby Vestland.
No tar Emil og familien ein pause i panteaksjonen. No er det sommarferie. Men postkassen for pantelappar vil framleis henga på Spar, og vi treng slett ikkje å ta ferie frå å støtta den gode og viktige saka.
Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Skjermdumpar frå Våre barn og frå Strilen.