Trimrommet er stengt.
Til informasjon har vi stengt Trimrommet ved Aktivitetshuset vårt, fra 1. juli.
På grunn av stor slitasje over lang tid, var tida kommen for å stenga Trimrommet. Vi jobber med ein plan for å pusse opp rommet, som også innbærer ein del reparasjoner. Vidare er det ein del utstyr som enten må fiksast eller kasserast.
Er det nokon som har utstyr dei ikkje nyttar og vil donere til huset, set vi stor pris på det.
Alt arbeid vert gjort på dugnad, derfor tar det litt tid. Men vi håpar å kunne opna eit nytt og flott Trimrom i august/september.
Alle som har betalt medlemskap inn i denne perioden, vil sjølvsagt få dette refundert.
Spørsmål rundt Treningsrommet, kan rettast til Per Korsvold, tlf 48160803
Styret,
Uskedalen Aktivitetshus AS
Nett: Thor Inge Døssland