Boka Hurtigruten – verdens vakreste sjøreise er til utlån i redaksjonen, men det er ein føresetnad. Den som låner boka, må lova å skriva dagbok frå heile eller deler av turen. Liv og Audun Eik reiste med hurtigruta TROLLFJORD i perioden 24. mai til 4. juni, Bergen – Kirkenes tur/retur. Dei fekk låna boka som mellom anna skildrar natur, kultur, historie, segner, alle kommunane, byane og stoppeplassane og mykje meir. I tillegg er det ei rekkje rammeartiklar om aktuelle kysttema. Liv Eik har lagt ned eit stort arbeid i å dokumentera turen. Heime sat ho seg ned med PC` en og skreiv ut heile fem sider der ho fortel om stort og smått dag for dag, om maten og miljøet ombord, om folk dei møtte, om landskapet og lokale hendingar langs heile kysten. Det er 6.gongen boka vert utlånt og alle har skrive dagbok frå det som med rette vert kalla: Verdas vakraste sjøreise.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal