Dåpsbarna fekk namna Oda og Hallvard.
Dåpsbarna i Uskedal kyrkje på sundag fekk namna Oda og Hallvard, Oda Hjelmeland Vedøy og Hallvard Musland. Oda har slekta si på morssida frå Uskedalen og Herøysundet. Far kjem frå Bømlo. Familien bur på Karmøy. Hallvard er kalla opp etter oldefar sin, Hallvard Musland, frå Kalvatræ på Musland. Foreldra kunne vald etternamnet Omvik eller Fossheim, eller ein kombinasjon, men det vart Musland. Dermed brukar Hallvard det tredisjonsrike slekts- og gardsnamnet Musland. Oldefaren Hallvard kom rett nok frå Bergstø i Mauranger, flytta til Uskedalen og skreiv seg Musland. Det var eit talrikt dåpsfylgje i kyrkja på sundag. Bilete syner dåpsbarna Oda ( t.v. ) og Hallvard (t.h. ) saman med foreldra sine og soknepresten Kjetil Kringlebotten.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal