Spennande friluftsliv i 3 dagar.
17 ungdommar deltek på friluftscampen.
For fjerde året blir det denne veka arrangert friluftscamp i regi av Friluftsrådet Vest i Uskedalen. Desse basecampane har blitt ein spennande og populær start på ferien for mange. I dag møtte 17 deltakarar i ungdomsskulealder opp ved Uskedal skule. Også i år blir hovudaktivitetane klatring og padling, men deltakarane får også prøva seg i andre spennande aktivitetar. På bildet over ser vi gjengen samla når dei får informasjon av instruktørane.
Ved frammøte var det først presentasjon og informasjon ute på skuleplassen. Det kom tydeleg fram at den sosiale biten var viktig, og tonen mellom deltakarane og dei 6 instruktørane var særs god heilt frå start. Her var det tydeleg at det var viktig at dei skulle bli godt kjende med kvarandre.
Etter dette blei deltakarane delt i to grupper; – ei skulle i klatreveggen i hallen medan den andre hadde ei økt ute i klatreparken før dei bytta. Mesteparten av tida den første dagen skulle brukast i klatreområdet i Børsdalen. Lunsjen hadde kvar deltakar medbrakt, men etter at dei var ferdige i Børsdalen, skulle dei samlast ved skulen der det venta grilling og andre aktivitetar som skyting med pil og boge og vikingøksekasting.
Tirsdagen blir hovudvekta lagt på padling, og ein padletur til Skorpo inngår i det planlagte programmet. Middagen denne dagen er taco, og den blir sjølvsagt laga ute på feltmanèr. Det kjem nok til å smaka ekstra godt. Om kvelden blir det ulike aktivitetar, og dei deltakarane som ønskjer det, kan overnatta i lavvo. Etter ei forhåpentlegvis god natts søvn er dei då klare for avslutningsdagen.
Uskedalen.no kjem med meir stoff frå basecampen etter at den er ferdig.
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland