Turgåarar har sikkert lagt merke til det vert utført vedlikehaldsarbeid på Kalkstasjonen. Uskedalen.no har spurt systemansvarleg i Kvinnherad kommune, Tor Håkon Haugland, om arbeidet. Årsaka er at 1.komponentsmålinga, som var frå før, delvis er sprukken opp. Rekkverket på toppen er rusta slik at det har runne mykje rustvatn nedover siloen. Etter vel 20 års driftstid er det på tide med vedlikehald. Silioen er rustvaska, sandblåsen og målt opp med primer. Så er heile siloen påført Topp seal gummi membran. Det er eit slitestekt stoff som toler sollys. Husnes Sandblåsing & Sprøytemaling AS har utført jobben. Installasjonen, som er ein kalkdoserar, vert til vanleg kalla Kalkstasjonen.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal