Nye skilt på Eik viser vegen til Englafjell og Manen.
Det er montert nye skilt som syner vegen til Eikedalen og vidare til fjella Englafjell og Manen. Flåtene, som eit nytt turmål, er også skilta. Dei gamle skilta var utslitne med lite synleg skrift. Det er Knut Steinsletten som har laga og montert skilta. Det er elles trong for ei synfaring på skiltinga i Uskedalen for evt. ei fornying eller oppfrisking. Informasjonsskiltet ved busslomma i nedre Halsane er borte. Same type skilt på Padlane er gøymd i ein busk og dermed lite synleg. Ny og betre skilting i sentrum som syner turvegane i nærområde må fornyast og gjerast betre, dette for å unngå mistydingar.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal