Arbeid på vassledningen. Kort stenging i ettermiddag. Siste: Stenginga utsett til i kveld eller morgon tidleg.
Uskedal Vassverk ved Hans Reidar Kjærland melder at det skal gjerast eit reperasjonsarbeid på vassleidningen i sentrum dei næraste dagane. Medan arbeidet pågår vil vasstilførsla bli sikra ved at det blir lagt brannslange frå Skulebruo, forbi reperasjonspunktet og til Grano. Vegen ned langs elva blir stengd desse dagane, og vassverket bed om at det elles blir teke omsyn til brannslangen. Dei håpar då at det skal sikra stabil vasstilførsel.
Ved omkoplinga i ettermiddag blir det ein kort stopp i vasstilførsla til abonnentane innanfor Skulebruo.
Siste: Vassverket har av hensyn tii abonnentar måtta utseja omkoplinga til i kveld eller i morgon tidleg.
tid