Mange fann vegen til Uskedalen i ei sommarleg pinsehelg.
Ei kjapp tilbakemelding frå dei som driv camping, båthamner og servering fortel oss at det har vore ei flott pinsehelg med mange gjester, slik det ofte plar vera denne helga. Magne Heggøy på Rabben Ferisenter fortel at det har vore ei framifrå helg. Det fine veret gjer sitt til at alt blir lettare med tilrettelegging og gjennomføring. Det er hovudsakleg norske feriegjester på denne tida, familiar med born. Det har vore fullt i alle hytter, fullt på oppstillingsplassane for bubilar og alle båtane har vore utleigde. Rabben Feriesenter har lånt plenen til Uskedal Båtlag for telting. Så lenge moloen til Båtlaget er ute av drift, valde mange båtgjester å bruka Øyro Marina.
Tekst(nett: Kristian Bringedal Foto: Arne Lite/Magne Heggøy/ Kristian Bringedal