Ombygging eller ny brannstasjon i Uskedalen.
Med bakgrunn i krav frå Arbeidstilsynet om mellom anna kjønnsdelte garderobar/dusjar og reine/skitne soner, vert det sett strenge krav til ein brannstasjon. Brannstasjonen i Uskedalen er difor på lista for ombygging, saman med Varaldsøy, Åkra og Fjelberg. For to år sidan vart det i budsjettet sett av 20 millionar kroner til dette tiltaket. No kjem det fram at løyvinga er altfor låg. Det vert difor også rekna på kva det vil kosta å byggja nye og moderne stasjonar. For Uskedalen sin del ligg kostnaden på 16,1 mill. kr. Kostnaden på Halsnøy brannstasjon, som er vedteken utbygd, er 10,5 mill. kr. Branntroppen i Uskedalen tel i dag 6 personar. Tomtekjøp er lagt inn i analysen for ny brannstasjon i Uskedalen.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal