Figurane er henta fram etter tre år på lager.
Endeleg er figurane på plass. Dei minner oss på nedteljinga til Festidalen 24. og 25. juni. Gina Berge-Soldal fortel at sidan figurane ikkje har vore i bruk sidan 2019, måtte det til ei lita renovering. Med seg på jobben har ho hatt Helene Bjørnebøle , Edle Lomheim og Ann Kristin Musland. “Festivalfamilien” er lett synleg for alle som køyrer gjennom sentrum. Fitjaflatene er ein god plass anten du kjem utante eller innante. Installasjonen er ei god påminning om at festivalhelga nærmar seg. Det er viktig å få fram at Festidalen treng fleire frivillige, så det er berre å melda seg i festivalleiinga v/ Ann Kristin Fausk eller Lene Gjuvsland.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal