Avskilta bilar i sentrum gjev eit dårleg inntrykk.
Frå tid til anna dukkar det opp avskilta bilar som står parkerte langs fylkesvegen eller i sentrum. Det kan vera på kommunal grunn, som til dømes med Grano, eller på privat grunn. Uansett. Avskilta bilar er ei dårleg sak for ei bygd som ynskjer å framstå med eit godt heilskapsinntrykk. Avskilta bilar er også omtalt og regulert i Vegtrafikkloven og i lov om forueinsing og utslepp. Eigarane vert oppmoda om å fjerna bilane.
kb