Grasrotandel til ni lag i Uskedalen.
163 lag og organisasjonar i Kvinnherad tek del i Grasrotandelen frå Norsk Tipping. Ni av dei har adresse Uskedalen. I perioden januar – april er det utbetalt i overkant av kr. 60.000,- til desse ni laga. Uskedal Idrettslag toppar tildelinga med kr. 29.595,-, så kjem Uskedal Skulemusikk med kr. 11.176,-. Idrettslaget er registrert med heile 124 gjevarar, Skulemusikken med 61 gjevarar. Røysterett for Alle kjem på 3. plass. Lagslista kjem under.
- Uskedal Idrettslag
- Uskedal skulemusikk
- Røysterett for Alle
- Uskedal Ungdomslag
- Festidalen
- Uskedal Helselag
- Uskedal Utvikling
- Uskedal Friluftslag
- Uskedal Musikklag
Neste tildeling kjem 1. september.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal Kjelde: Grenda