Aud Karin Løvfall legg ut eit bilete frå tida kring 1960. Motivet er frå 17. mai og folketoget på veg ned dalen på Kjærlandssido. I bakgrunnen ser vi Myklebust og Kjærland. I front går flaggberar og truleg formannen i 17. mai komiteen. Bak ser vi Gutemusikken og lenger bak kjem Uskedal Musikklag. Kven er flaggberar og kven går ved hans side ? Dreg du kjensel på andre personar ? Send redaksjonen nokre ord: uskedalen.no@gmail.com

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Funne og lagt ut av Aud Karin Løvfall