Raudruss spelte i to korps og dirigerte eitt!
Nils Rainer Vågen frå Skorpo høyrer til årets raudrusskull på Stord etter 3 år på musikklinja ved den vidaregåande skulen der. Likevel prioriterte han heimbygda og aktiv deltaking i programmet i Uskedalen på nasjonaldagen. Nils Rainer har gjennom mange år vore svært ivrig, og har utvikla seg til ein særs dyktig korpsmusikar med euphonium som hovudinstrument.
17.mai hadde han det svært travelt. Det starta ved Bautasteinen der han spela med Uskedal musikklag. Deretter bar det rett til Stemneplassen der han dirigerte Uskedal skulemusikk. I hovudprogrammet i Aktivitetshuset om ettermiddagen spela han både med skulemusikken og musikklaget. Der blei han også overrekt medalje som takk for 10 års innsats i skulemusikken.
Nils Rainer avsluttar altså no 3 års skulegang på Stord, men likevel har han alle åra halde kontakten med barndomskorpset, Uskedal skulemusikk, der han har vore ein viktig støttespelar. Siste året har han hatt ansvar for aspirantopplæringa.
I åra på Stord har han vore svært aktiv i musikklivet på øya. Han har vore med i både Sagvåg musikklag og Stord skulekorps. Saman med musikkaktiviteten og dyktige lærarar på skulen har dette gjeve den unge musikaren ei særs god utvikling. Han har også vore solist ved fleire høve. Det har vore imponerande å høyra framføringane hans!
Dette har vidare ført han inn i Hordaland Ungdomskorps der han får spela med dei mest lovande korpsmusikarane i Hordaland. Nils Rainer gjev eit svært fint signal til andre når han prioriterer heimbygda slik han gjorde på nasjonaldagen.
Tekst: Thor Inge Døssland Foto og Nett: Kristian Bringedal