Det er registrert eit nytt samvirkeføretak i Uskedalen i april månad. Det er Englafjell Veglag v/ Frode Stensletten. Veglaget skal byggja og halda vedlike ein skogsveg frå Døssland til øvre Feet. Veglaget har som føremål å redusera andelseigarane sine kostnader til uttransport av tømmer og å gjera skog i vegens nytteområde tilgjengeleg for aktiv skogforvalting.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Kjelde: Kvinnheringen