Kafe Tiaren: 14 på lista - treng fleire frivillige.
Då er Kafe Tiaren i gang att. I dag var det ein forsiktig start, til og med i “nye” lokale i den nyrenoverte kjellaren i Gamleskulen. Salen oppe er nemleg utleigd til Sjøforsvaret heile veka. Om lag 30 kafegjester var innom. Gunn Mari Moberg i styret i Uskedal Utvikling var vertskap i dag. Ho har 14 frivillige på lista. Mange held fram, nokre har takka nei til å vera med vidare på Tiaren. Årsaka er som oftast høg alder eller av helsessige grunnar. Den siste tysdagen i månaden er det allsong med Rustne Menn. Neste open kafe er tysdag 24. mai kl. 11 – 14. Meld deg som frivillig til Gunn Mari Moberg på mobil 402 80 935.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal