Gåvedryss til mange gode prosjekt og tiltak i Uskedalen.
Av totalt 61 tildelingar gjekk åtte til gode prosjekt og tiltak i Uskedalen. Ramma for gåvetildelinga våren 2022 var på 10,124 mill. kroner. Det har sidan starten i 2011 vore delt ut 138 mill. kr til 1260 prosjekt. Til vårens tildelingsrunde kom det inn 176 søknader. Av desse fekk 61 gåver, i tilegg kjem 19 tildelingar i Odda og på Stord. På lista under finn du tildelingane til Uskedalen med namn på lag/organisasjon, gåve og namn på prosjektet. Bilete syner dei fleste frå Uskedalen samla, saman med styremedlem Magnhild Haugland og styreleiar Svein Arne Eidsvik.
- Uskedal Ungdomslag: kr. 20.000,- til oppgradering av lagshytta Fjelly
- Uskedal Ungdomslag: kr. 10.000,- til innkjøp av PC
- Uskedal ungdomslag: kr. 15.000,- til innkjøp av verkty til Helgheim
- Uskedal Ungdomslag: kr. 25.000,- til oppgradering av naust ved Fjelly
- Uskedal Idrettslag: kr. 100.000,- til Trear banar
- Uskedal Idrettslag: kr. 55.000,- til tiltaket: Det skal ikkje stå på utstyret
- Uskedal Idrettslag ( Klatregruppe ): kr. 50.000,- til Ferdigstilling av Buldreloftet
- Uskedal Friluftslag: kr. 200.000,- til Turveg i Skårhaug – byggesteg 2
I tillegg må vi ta med gåver til prosjekt der Uskedalen er aktivt med. Dette gjeld mellom anna:
- Postkassetrimmen i heile Kvinnherad: kr. 100.000,-
- Veteranbusslaget HSD bilane: kr. 50.000,-
- Kvinnherad Senioruniversitet: kr. 18.000,-
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal