MS OTTO SVERDRUP gjennom Storsund kl. 07.10.
Nøyaktig etter oppsett seglingsplan gjekk MS OTTO SVERDRUP gjennom Storsund i dag med destinasjon Rosendal. Det tidlegare hurtigruteskipet FINNMARKEN på 15690 bruttotonn høyrer til ekspedisjonsskipa i Hurtigruten. I sommar er skipet sett opp med heile 18 anløp i Kvinnherad. Dermed er cruisebåtsesongen starta og vi kan rekna med å få sjå mange vakre turistskip på innsida av Skorpo. Det er meldt inn 38 skip til Rosendal denne sommaren, mellom anna AIDAsol med over 2000 passasjerar. Det største er likevel skipet MSC PREZIOSA, heile 333 meter langt og med eit passasjertal på 3500 gjester. MS OTTO SVERDRUP er attende i Storsund alt 11. mai. Avgang Rosendal i dag er kl. 19.00. Skipet vart på vanleg måte helsa med splittflagget frå Beinavikjo.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal