Laber interesse for bilkortesjen på 17. mai.
Innan fristen, som var i dag, er det berre ei påmelding til bilkortesjen på 17. mai. Det, som i pandemitida, har vore eit populært og underhaldande innslag ser ut til å “hanga i ein tynn tråd”. Programkomiteen med Therese Bondhus som leiar utset fristen to dagar og ser om det kan koma fleire påmeldingar. Difor: Påmelding til køyretykortesejen må vera meldt inn innnan laurdag 30. april. Dersom det ikkje er interesse, går dette innslaget ut av programmet for dagen.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal