Invitasjon til Medverknadsmøte - Uskedalen klatre- og aktivitetshus.
Viktig møte i kveld kl.19.
Prosjektgruppa for Uskedalen klatre -og aktivitetshus kallar inn til medverknadsmøte, torsdag 5. mai. kl. 19.00. Dette er eit møte som har vorte utsett i pandemitida. No er alt klart for møte med oppsett program. Prosjektgruppa vonar lag, organisasjonar, ungdomsgrupper og andre tek seg tid til å vera med prosessen for å gjera innhaldet i bygget best mogeleg for alle. Les meir om innhaldet i møte.
Program:
- Generell informasjon og status for prosjektet
- Presentasjon av planlagt bygning v/ arkitekt
- Gruppearbeid
- Oppsummering og samanfatning av forslaget
- Avslutning og vegen vidare
Stikkord for drøftinga vert:
- Behov for areal
- Behov for øvingstider
- Medlemsmasse, alder
- Sambruk med andre
- Budsjett for rom – kva innreiing ser de for dykk
- Drift av huset, kan de bidra
- Eventuell dungad.
Alle er velkomne til Medverknadsmøte, torsdag 5. mai kl. 19.00 i Aktivitetshuset.
Tekst/foto: Pressemelding Nett: Kristian Bringedal