Den årlege dugnaden på Stemneplassen vert 12. mai kl. 18.00.
Den årlege dugnaden på Stemneplassen før 17. mai feiringa er sett til torsdag 12. mai frå kl. 18.00. Medlemslaga vert oppmoda om å møta fram med nokre representantar kvar. Ta med rive. Jobben er i å raka og køyra bort lauv og greiner etter vinteren. Dessutan vert det rydda og klargjort til nasjonaldagen. Det plar vera ei gild økt med innlagt pause og kaffi. Bilete syner dugnaden i 2021.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal