Med mange gode hjelparar var opplastinga av THK traileren i Uskedalen unnagjort på ein time. Det er den andre sendingsa om med dette er gjort klar for transport til Ukraina. Dagleg leiar i THK stiftelsen, Vidar Akselsen, var sjølv i Uskedalen tysdag i denne veka og organiserte innlastinga. Tormod Myklebust med sidemann er sjåfør og reisa går med Fjordline frå Stavanger i kveld til Hirtshals og vidare gjennom Danmark, Tyskland og Polen fram til grensa til Ukraina. Ombordkøyring i ferja er i kveld, på same tid som det er Solidartitetskonsert i Aktivitetshuset i Uskedalen.

Dagleg leiar i THK stiftelsen, Vidar Akselsen, var med og organiserte opplastinga.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal