Kvartetten ÆRE syng på påskekonsert i Kvinnherad kyrkje i kveld, 11. april kl. 18.
I kveld, kl. 18.00, er kvartetten ÆRE med på påskekonsert i Kvinnherad kyrkje. Kvartetten med musikalske leiar Eva Megyesi har sin faste øvingsplass i Uskedalen, anten på Stemneplassen eller i kyrkja. Songane og salmane er henta frå tema påske. Det vert også soloinnslag og framføringar på piano og orgel. Konserten er gratis, men det er høve å gje ei gåve ved utgangen. Alle er velkomne.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Arkivfoto - Øystein Hellesøy