THK stiftelsen ved Tormod Myklebust minner om innsamlinga til Ukraina, laurdag 9. april kl. 10 – 12 i Kvinnherad Vekstbedrift sine lokale ved Brannstasjonen. Alle som har sekker med kle, sko, teppe, leiker, sanitærutstyr og evt. tørrmat, vert oppmoda om å koma til lageret for avlevering. Den store opplastingsdagen er tysdag 19. april før avreise straks etter. Det er viktig med god plan og logistikk for lastinga. Difor bør alt vera sortert på førehand før 19. april. Velkomne til lageret laurdag 9. april. Sjå banner og flagg.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal