![](https://uskedalen.no/content/uploads/2022/04/Innsamlingsbotte-2-1-683x1024-2-676x715.jpg)
Konfirmantane går med bøsser for Fasteaksjonen, tysdag 5. april frå kl. 16.00.
Den årlege Fasteaksjonen går av stabelen i morgon, tysdag 5. april, mellom kl. 16 og kl. 18. Innsamlinga er i regi av Kirkens Nødhjelp og innsamla midlar går som vanleg til reint vatn i fattige land. Uskedal sokneråd står for den praktiske gjennomføringa. Foreldra til konfirmantane hjelper til med skyss. Dersom andre har høve til å vera sjåførar, er det fint. Møt fram i kyrkja kl. 16.00. VIPPS: 2426. Dersom du ikkje er heime i innsamlingstida, vert det lagt att ein lapp på døra med vippsnummer og informasjon. Takk for støtte i årets Fasteaksjon.
![](https://uskedalen.no/content/uploads/2022/04/Fasteaksjonen-1024x573.jpg)
Tekst: Uskedal sokneråd Foto: Pressemelding - Kirkens Nødhjelp Nett: Kristian Bringedal