William S. Eik nr.2 i Haukelirennet.
William Samland Eik stod for ein flott prestasjon då han laurdag blei nr.2 i sin klasse M14 i Haukelirennet. Han tilbakela den 12 km lange løypa i ungdomsrennet på 36.47.8. Klassen blei vunnen av Elias Dybing frå Sauda som tidlegare i venter vann klassen i Ungdommens Holmenkollrenn. Dybing kom i mål på 32.07.6.
I tillegg kjenner vi til at Erle Marie og Per Korsvold gjekk i trimklassen og at Bjørg Amelia S. Eik deltok i vennerennet. Det kan godt vera at det var fleire uskedelingar som deltok, og då håpar vi på melding om det.
På bildet ser vi William på sigerspallen saman med nr.1 og 3 i 14-årsklassen.
Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Espen Eik.