Uskedal skulemusikk hadde årsmøte 23.03.22, og årsmeldinga fortel at styret og dirigenten, Tor Skeie Olsen, har gjort ein svært god jobb for å halda kontinuitet i øvingane trass i utfordringane koronasituasjonen har gitt. Ved utgangen av 2021 hadde korpset 16 medlemmer samt ein aspirant. Styret skriv i årsmeldinga at NMF til eikvar tid har gitt god informasjon om kva smittevernreglar som er gjeldande. På bildet over ser vi styret. Bak: Malin Håvik Tungesvik(t.v) og Marianne Korsvold, og framme ser vi Ann Merete Åsheim Nilsen(t.v.) og Monica Hermann. Saman med dei ser vi også dei framtidige musikantane Elisabeth og Åge. Nils Rainer Vågen er også i styret, men han var gått då bildet blei tatt.

Styret:
Styret har i 2021 bestått av: Haldis Aakra (leiar), Monica Hermann (skrivar), Ann Merete Åsheim Nilsen, Marianne Korsvold og Nils Rainer Strüter Vågen (materialforvalter). Ved valget på årsmøtet gjekk Haldis Aakra ut av styret etter mange års svært god innsats i to periodar. Malin Håvik Tungesvik er ny i styret som konstituerer seg seinare.

Dirigent Tor Skeie Olsen er inne i sin 11. sesong som korpset sin dirigent. Innan eit par sesongar er han den dirigenten som har styrt taktstokken lengst i Uskedal skulemusikk.

Uskedal skulemusikk under konserten i Aktivitetshuset sist onsdag.

Aktivitetar.

  • Vårkonsert i aktivitetshuset var planlagt før påske, men måtte avlyses pga lokale smittevernrestriksjonar.
  • 17. mai – korpset spelte på Stemneplassen.
  • Juni – flott sesongavslutning med sommarkonsert i båthamna.
  • Musikkrebus og konsert – musikantane stilte seg opp langs ei rute som gjekk i nærområdet rundt skulen. De spelte små bitar av sjølvvalde musikkstykke, og så skulle dei som gjekk rebusen gjetta kva stykke det var. Fasiten ble spelt inne i hallen som konsert etterpå, akkompagnert av kaffi, saft og kaker. Veldig kjekt!
  • Desember – julekonsert i båthamna. Konsert i ei julepynta strandstove blei ein stemningsfull suksess. Det var svært mange tilhøyrarar og både korps og aspirant spelte.
  • Sommaravslutning med tur til Skorpo der det var grilling og leikar.
  • «Olympiske korpsleikar» blei arrangert i starten av haustsemesteret.
  • 7 musikanter har vore elevar i kulturskulen i 2021. Korpset har betalt deler av skulepengane.
  • 4 musikanter deltok på NMF sine sommarkurs på Klepp og Karmøy. Desse fekk 50% av kursavgifta sponsa av skulemusikken.

Rekruttering:
Etter to år med til saman 14 aspirantar var det berre 1 aspirant som melde seg hausten 2021.  Nils Rainer Strüter Vågen har hatt ansvar for opplæring av aspirant, med Ebba Hermann-Fossli som vikar ved enkelte anledningar. Når koronasituasjonen no normaliserer seg, håpar styret at talet på aspirantar aukar igjen. Dei som er interessert, kan kontakte ein av styremedlemmene.

Inntektsbringande arbeid:
På grunn av covid19-situasjonen blei det ikkje arrangert basar våren 2021. Salg av adventskalendarar blei gjennomført både ved dørsalg og digitalt i 2021. Dette fungerte fint og det blei selt nesten 600 kalendarar. Foreldregruppa gjorde en stor innsats med innsamling av gevinstar, og styret skriv at dei opplever stor velvilje når dei ber om premiar.

Økonomi:
Skulemusikken sin økonomi er god. Årsresultatet i 2021 gav eit fint overskot, men det ber også preg av mindre aktivitet enn i normalår. No ser styret fram til meir normale tider slik at aktivitetsplanen framover kan bli svært spennande.

Konklusjonen må bli at styret, dirigent Tor Skeie Olsen og musikantane har gjort ein framfrå innsats gjennom dette krevjande året. Eg kan ikkje sjå at det kunne vore løyst på ein betre måte. Dei har gjort ein super jobb!!

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland.