Ekstra velkomne er barn som kan tenkja seg å begynna i korpset

Onsdag kl.17.30 arrangerer Uskedal skulemusikk ein koseleg liten konsert i Aktivitetshuset. Det blir kjekt å høyra dei flinke, unge musikantane som har vore gjennom ein utfordrande koronaperiode. Trass i desse utfordringane har dei vore flinke til å halda aktiviteten i gong så godt som mogeleg.
På konserten får vi, i tillegg til korpset si avdeling, høyre fleire av dei unge musikarane som solistar.
I tillegg til musikk byr korpsstyret på kaker, kaffi og saft så dermed blir det også muligheter til god sosial drøs rundt borda.
Slike konsertar er svært god trening for dei unge musikantane, og det er alltid kjekt med eit godt og applauderande publikum.
Alle er velkomne!!

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Arkivfoto: Monica Hermann