Hogst og rydding på elvekanten.
Eide Trefelling og service har oppdraget med hogst langs heile elvekanten som tilhøyrer Rabben Feriesenter. Det gjeld felling av dei største trea som er til fare for nedfall på hytter og campingvogner. I tillegg kjem felling av tre som er til fare for skade på plastringa Dei minste trea med greiner, som går ut i elva, blir sparde å ta vare på gyteplassan. I tillegg står det att tre for fiskemåken som hekkar no på våren. Alt arbeidet vert utført i samsvar med tilrådingane og pålegg frå Statsforvaltaren.
Avfallet blir flist opp i big bag’ og gjort klar for sal som bork i hagar. Noko vert brukt til strø hjå bønder. Stokkane blir brukt til ved. Kenneth F. Eide, dagleg leiar i verksemda, fortel at ein etter beste evne prøver å gjenbruka avfallet. Det gjeld generelt for alt arbeidet Eide Trefelling tek på seg.
Kenneth er godt nøgd med arbeidet i Uskedalen. Etter hogsten på elvekanten går turen til privat hageeigar i Skårhaug. Eide Trefelling vil gjerne ha fleire oppdrag i Uskedalen. Ta kontakt dersom de ynskjer synfaring og pris.
Taket/foto/nett: Kristian Bringedal