Tjelden er tilbake - eit sikkert vårteikn.
Tjelden er tilbake i Uskedalen. Kurt Haugland har fotografert vadefuglen, som er stor som ei due, på kaien sin i Gullvikjo. Vi kjenner lett tjelden med den raude nebben, dei raude føtene og den svarte og kvite fjørhamen. Vi finn denne flyttfuglen langs heile norskekysten, i fjæra og i kystlandskapet, men også i åker og eng. I vinterhalvåret dreg tjelden til sørlege deler av Europa. Tjelden står på lista over truga fuglar noko som vi sei at finn fuglen på den norske raudlista. Visste du at tjelden er nasjonalfuglen på Færøyane. Fuglen er omhandla i viktige nasjonale dikt på øygruppa vest i havet. Det neste må vera observasjon av vipa.
Tekst(nett: Kristian Bringedal Foto: Kurt Haugland