Småbarnstreff i morgon, onsdag 9. mars kl. 10.00 - 11.30.
Velkommen til Småbarnstreff onsdag føremiddag, saman med ein vaksen. Ta med deg far eller mor, besteforeldre, onklar eller tanter, fadrar eller kanskje ein god nabo? Vi samlast anna kvar onsdag i bedehuset i Rosendal. Her er det mykje leik og song. Kvar og ein får fiska ein song frå fiskekassa vår. Av og til bakar vi, og nokre gonger lagar vi ting. Kvar gong får vi høyra ei forteljing frå bibelen. Samlinga vert avlsutta med eit lite måltid. Ta med niste. Alle får drikke. Bilete syner Leon 6 månader saman med mamma Melissa og systera Eyra. Kom og ver med !
Rosendal bedehus kl. 10.00 - 11.30
9. og 23. mars
6. april og 20. april
Medlemspengar kr. 50,- per år.
Tekst: Henta frå Kyrkja i Kvinnherad Foto: Nelly Kjærland Nett: Kristian Bringedal